top of page

Baksidetekst
Elevane på sjuande trinn ved ein liten bygdeskule har fått ei oppgåve: Dei skal halde eit føredrag om noko dei andre i klassen ikkje veit.
Alle har hemmelegheiter, ingen er berre det dei andre
ser. Men kva vel dei å fortelje?
• Kvifor står lyset på om nettene heime hos Frida?
• Korleis skal Markus klare å halde skjult for dei andre at han er sengevætar når dei skal overnatte på skulen?
• Kva skjedde i akebakken på Geithaugen for to år
sidan?
• Og kvifor dreg Helene kapsen langt nedover andletet og køyrer buss ut av bygda kvar tysdag?
Alt dei andre ikkje veit handlar om tolv elevar som møtest på skulen kvar dag. Men kor mykje veit dei eigentleg om kvarandre?
bottom of page